Silhuett av en person foran en fjord med fjell i bakgrunnen.

Slik fungerer det

Steg for steg

Alt du treng å vite før besøket ditt hjå FjordSauna Flåm eller Aurland

  • FjordSauna har to vakre og unike plasseringar: Flåm og Aurland. Begge ligg rett ved fjorden, med storslått utsikt, dampande sauna og lett tilgjenge til eit forfriskande bad i fjorden.

    I Flåm
    Badstovene flyt som små hytter ved kai 10 og 11 – fortøyd med tau og ligg alltid trygt til kai.

    I Aurland
    Badstova står på ein romsleg flytebrygge, kopla til land med ein solid landgang.

    Begge badstovene ligg fast og vi flyttar ikkje på dei.

    Dette finn du i begge badstover:

    • Elektrisk omn

    • Skifterom med privat bås

    • Store panoramavindauge med utsikt mot fjord og fjell

    • Direkte tilgang til fjorden via stige – perfekt for eit friskt bad

    👉 Les meir om FjordSauna Flåm
    👉 Les meir om FjordSauna Aurland

    Vi oppmodar deg til å lese vilkår og saunareglar før du bestiller. Der finn du viktig informasjon om aldersgrenser, alkohol og gjesteåtferd.

    Av tryggleiksgrunnar er det utandørs overvaking utanom opningstid.

    👉 Bestill no

    • Badetøy (påkravd)

    • Handkle (påkravd). Du kan leige handkle ved ankomst.

    • Drikkevatn (tilrådd)

    • Pose til våte klede (tilrådd)

    • Smykke blir varmt og kan svi på huden. La desse vere heime eller legg dei i garderoben.

    Du får eit lite eingongshandkle til å sitje på inne i badstova. Dette blir vått under økta og er ikkje egna til å tørke seg med. Hugs å ta med eit større handkle – eller leig eitt hos oss ved ankomst.

  • Flåm
    Kai 10 og 11, Flåm hamn
    Eit kort gangavstand frå sentrum. Følg skilta mot Flåm Marina og gå langs den tredekte brygga.

    Parkering:
    Betalt parkering er tilgjengeleg på offentlege parkeringsplassar i nærleiken.
    Ver venleg og ikkje parker ved Flåm Marina & Apartments – plassen er reservert for gjestene deira.

    Aurland
    Odden 13B, Aurlandsvangen
    Ligg midt i sentrum, rett på brygga – like framfor Aurland Skofabrikk og ved sida av ferjekaia.

    Parkering:
    Betalt parkering finst i sentrum av Aurland.

  • Kom til avtalt tid. Du blir møtt av vår saunamester som:

    • ønskjer deg velkomen og viser deg til skifterommet

    • forklarer korleis alt fungerer og svarar på eventuelle spørsmål

    • er tilgjengeleg under heile økta dersom du treng hjelp

    Merk: Tida du har bestilt inkluderer både skifting før og etter økta.

  • Kvar badstove tilbyr ei varm, komfortabel og naturskjønn oppleving. Du vil finne:

    • Plass til opptil 12 personar

    • Elektriske omnar – hell ferskvatn på for damp

    • Store vindauge frå golv til tak med imponerande utsikt

    • Privat skifterom

    • Utandørs dusjar (tilgjengelege om sommaren)

    • Enkel tilgang til fjorden

    Flåm:
    Bad via luka inne i badstova, frå dekk, taket eller stigar.

    Aurland:
    Bad via stigar eller hopp frå dekk.

  • Dette er tida for å slappe av og finne ro. Vi anbefalar å veksle mellom:

    • Den behagelege varmen frå badstova

    • Eit forfriskande bad i fjorden

  • Ta gjerne eit bilete eller berre nyt stemninga.
    Tagg oss på Instagram eller TikTok – vi elskar å sjå saunagløden din!

    @fjordsauna

FAQ - ofte stilte spørsmål

  • Ja, badetøy er påkrevd for alle gjester – både på fellessauna og privat sauna.

  • FjordSauna Flåm ligg berre 5 minutt gange frå stasjonen, langs brygga i retning Flåm Marina.

  • Lagringsplass er avgrensa, spesielt på fellessauna.

    • Fellessauna: Det er berre plass til liten bag/sekk - så pakk lett.

    • Privat Sauna: Du kan ta med litt meir bagasje, men plassen er framleis avgrensa – best med små vesker eller ryggsekker.

  • Ja:

    • Mai–september: Vi tilbyr utandørs dusjar, og det er også innandørs dusj i nærleiken (i Flåm) mot betaling.

    • Oktober–april: Vi har ferskvatn i bøtte dersom ein vil ha ein rask rens. Dei fleste gjester føretrekkjer å bruke fjorden som ein naturleg rens før dei tørkar seg.

    • Badetøy (påkravd)

    • Handkle (påkravd). Du kan leige handkle ved ankomst.

    • Drikkevatn (tilrådd)

    • Pose til våte klede (tilrådd)

    • Smykke blir varmt og kan svi på huden. La desse vere heime eller legg dei i garderoben.

    Du får eit lite eingongshandkle til å sitje på inne i badstova. Dette blir vått under økta og er ikkje egna til å tørke seg med. Hugs å ta med eit større handkle – eller leig eitt hos oss ved ankomst.

  • Handkle er ikkje inkludert, men du kan leige eit på staden ved ankomst.

  • Absolutt! Ein forfriskande dukkert er ein del av opplevinga.

  • Barn er velkomne på Privat Sauna med tilsyn av vaksne. Personar under 18 år må vere i følgje med ein vaksen.

    Fellessauna er for gjester frå 12 år og oppover.

  • Fellessauna har plass til 12 gjester. Det er koselig og sosialt – perfekt for å møte andre reisande.

  • Du kan avbestille eller endre bestillinga di inntil 48 timar før økta for full refusjon.
    Avbestilling innan 48 timar er ikkje refunderbar.

Abstrakt bølgemønster med grønne linjer på svart bakgrunn.

Visste du at?

Regelmessig bruk av sauna kan betre immunforsvaret og hjelpe kroppen med å bekjempe infeksjoner samt redusere stress og angst. Sveitting kan bidra til å fjerne giftstoff frå kroppen, som til dømes tungmetaller og kjemikalier. Mange kombinerer sauna med ein forfriskande dupp i fjorden, og kalde bad gjer underverk for immunsystemet og blodsirkulasjonen, reduserer innflammasjon og hevelse samt gjer hjelper på støle musklar.