Meir sauna.
Betre pris.
Heile året.
FjordSauna-medlem: 500 kr/år.
Som medlem får du medlemspris på sauna i Flåm og Aurland – heile året. Du betalar for kvar saunaøkt du bestiller, til gjeldande medlemspris.
Medlemskapet er personleg og varer i 12 månader.
Alle nye medlemmar får ei lita gåve, og dei første 50 får i tillegg eit handlenett!
↓ Scroll for bestilling, medlemsprisar, korleis medlemskapet fungerer
Medlemspris heile året.
Du betalar per bestilling.
Prisane varierer med sesongen.
15. september 2026-
15. mai 2027
Fellessauna / Stillesauna
inntil 190 kr/økt
Felles Aufguss Rituale
250 kr/økt
Privat Sauna
20% rabatt
FjordSauna Shop
15% Knut-merch og hudpleie
Arrangement & spesialøkter
Eigen medlemspris på utvalde arrangement.
16. mai 2027-
14. september 2027
Fellessauna / Stillesauna
Pris kjem seinare
Felles Aufguss Rituale
Pris kjem seinare
Privat Sauna
20% rabatt
FjordSauna Shop
15% Knut-merch og hudpleie
Arrangement & spesialøkter
Eigen medlemspris på utvalde arrangement.
Slik blir du medlem
Bli medlem
Medlemskapet kostar 500 kr og varer i 12 månader frå kjøpsdato. Det blir ikkje automatisk fornya.Registrer rett namn
Medlemskapet er personleg og må registrerast på den som skal bruke det.Kjøper du til nokon andre? Registrer deg sjølv som «bookingansvarlig», og mottakaren som «reisende» under «Aktiviteter og annet».
Finn medlemskoden din
Etter kjøpet får du ein e-post frå oss. Klikk «Vis billetter» for å opne medlemskortet ditt. Medlemskoden står rett under QR-koden og ser t.d. slik ut: PCS-927KCW. Det er denne koden du skal bruke når du bestiller sauna (les om korleis du bestiller nedanfor).Lagre medlemskoden ein plass du enkelt finn den!
Ta vare på medlemskoden ein stad du enkelt finn den igjen – gjerne slik at du kan kopiere den når du skal bestille.Dette kan du ignorere
Du treng ikkje reservasjonsnummeret, QR-koden eller «ekstern kode» på medlemskortet.Du treng kun medlemskoden under QR-koden og datoen medlemskapet er gyldig til.
Slik bestiller du sauna som medlem
Bestill sauna
Gå til fjordsauna.no, klikk «Bestill her» og vel økt, lokasjon og dato.Bruk medlemskoden
Klikk «Jeg har en kode» og legg inn medlemskoden din. Medlemsprisen blir lagt til automatisk.Merk at det kan komme eit mellomrom før/etter koden ved innliming som må fjernast for at koden skal fungere.
Vel tidspunkt og fullfør bestillinga
Nyt saunaøkta
Møt opp til bestilt tid (Aufguss Rituale - helst 10 minutt før). Hugs at medlemskapet er personleg. Vi kan be om legitimasjon ved ankomst.
Ei lita velkomstgåve til deg!
Alle nye medlemmar får ei lita velkomstgåve frå FjordSauna. Dei første 50 medlemmane får i tillegg eit KNUT-handlenett.
Etter innmelding får du informasjon på e-post om korleis du får velkomstgåva di.
Medlemskap i gåve?
Klart det! Registrer deg sjølv som «bookingansvarlig», og mottakaren som «reisende» under «Aktiviteter og annet». Du mottar medlemskoden på e-post og videreformidlar denne til mottakar på den måten du ønskjer.
Medlemskapet er personleg og blir knytt til personen du registrerer.
Sauna gjennom alle årstider.
Fjordlandskapet endrar seg. Opplevinga òg. Frå kalde, mørke vinterkveldar til lange, lyse sommardagar – som medlem kan du nyte FjordSauna gjennom heile året.
Vilkår for medlemskapet
Ver merksam på at ordinære vilkår og saunareglar gjeld.
-
Medlemskapet er personleg og kan ikkje delast eller overførast. Medlemskoden kan berre brukast av personen medlemskapet er registrert på. Vi kan be om legitimasjon ved ankomst.
-
Du må vere 18 år eller eldre for å kjøpe og bruke medlemskapet.
-
Medlemskapet varer i 12 månader frå kjøpsdato og blir ikkje automatisk fornya. Etter 12 månader må du kjøpe nytt medlemskap dersom du ønskjer å halde fram.
-
Medlemsprisane varierer etter sesong. FjordSauna kan justere prisar og sesongperiodar ved behov. Du får beskjed dersom det blir gjort endringar som påverkar medlemskapet ditt.
-
Avbestillingsfristen er 48 timar før økta. Etter fristen er det ingen refusjon og vi kan ikkje garantere endring. Medlemspris er personleg og kan ikkje overførast til andre.
Lurer du på noko?
-
Etter innmelding får du ein e-post frå oss. Klikk «Vis billetter» for å opne medlemskortet ditt. Medlemskoden står rett under QR-koden.
-
Sjekk først at medlemskoden er skriven inn heilt korrekt. Dersom du har limt inn koden, kan det kome eit mellomrom før eller etter koden. Fjern eventuelle mellomrom og prøv på nytt.
Hugs å bruke medlemskoden som står rett under QR-koden på medlemskortet – ikkje reservasjonsnummer, QR-kode eller ekstern kode.
-
Ja. Medlemskapet varer i 12 månader frå kjøpsdato. Medlemsprisane varierer mellom sesongene 16. september-15. mai og 16. mai-14. september.
-
Du får medlemspris på Fellessauna, Fellessauna Stille, Felles Aufguss Rituale og Privat Sauna i både Flåm og Aurland. Pris og rabatt varierer etter sesong og type økt.
-
Sommaren er høgsesong hos oss, med stor etterspurnad. Derfor er medlemsprisane høgare då. Det bidreg samtidig til at vi kan halde ope heile året og tilby ekstra gode medlemsprisar resten av året.
-
Flåm er ope dagleg heile året, med unntak av 24. desember. Frå mai til september har vi vanlegvis økter frå morgon til kveld, medan vi frå oktober til april hovudsakleg har økter på ettermiddag og kveld.
Aurland er ope dagleg frå mai til september. Frå oktober til april har vi ope tysdagar, torsdagar og laurdagar.
Sjå alltid bookingkalenderen for oppdaterte tidspunkt og ledige økter.
-
Ja. Registrer deg sjølv som «bookingansvarlig», og mottakaren som «reisende» under «Aktiviteter og annet». Du mottar medlemskoden på e-post og videreformidlar denne til mottakar på den måten du ønskjer.
Medlemskapet er personleg og blir knytt til personen du registrerer.
-
Nei. Medlemskapet er personleg og kan berre brukast av personen det er registrert på.
-
Ja, medlemskapet kan brukast på medlemsprisane som er tilgjengelege i både Flåm og Aurland.
-
Vi kan be om legitimasjon ved ankomst for å kontrollere at medlemskapet blir brukt av rett person.
-
Finn e-posten du fekk då du meldte deg inn, og klikk «Vis billetter». Medlemskoden står rett under QR-koden på medlemskortet. Finn du den framleis ikkje, ta kontakt med oss, så hjelper vi deg.