Om FjordSauna
FjordSauna tilbyr flytande badstoveopplevingar midt i det vakraste fjordlandskapet Noreg har å by på.
Anten du er på reise gjennom landet, eller ein lokal som ønskjer å senke tempoet, gir vi deg rom til å stoppe opp, puste djupt – og finne tilbake til naturen og deg sjølv.
Vi trur på det enkle og ekte: opplevingar av høg kvalitet i reine, naturlege omgjevnader, bygd med respekt for miljøet. Kontrasten mellom den varme, dampande badstova og det friske fjordvatnet skjerpar sansane, klarnar tankane – og forankrar deg i augeblikket.
Dette er meir enn ei badstoveøkt. Det er ei stund der du får skru av kvardagen, setje livet i flymodus – og berre vere til stades, her og no.
Vår historie
FjordSauna blei til gjennom ein felles draum mellom to aurlendingar, Kristin og Torgeir. Etter mange år i reiselivsnæringa visste vi at vi ville skape noko heilt spesielt – noko som knyter folk tettare til fjorden og naturen rundt oss.
I 2020 la vi merke til at flytande badstover blei stadig meir populære i norske byar, og vi tenkte: Kvifor ikkje ta dette konseptet heim til fjordane? Pandemien gav oss litt ekstra fritid – og vi bestemte oss for å prøve. I 2021 kom den første badstova til Flåm, og innan 2023 hadde vi utvida til to. I 2024 opna vi i Aurland, og året etter lanserte vi ein liten flytande FjordSauna-butikk.
Det som starta som eit lite prosjekt med tilsette på deltid, har vakse raskt. I dag har vi tre tilsette på fulltid og seks sesongtilsette, i tillegg til at Kristin og Torgeir framleis bidreg som rådgivarar.
Det aller beste med jobben? Å sjå smila til folk etter ei badstoveøkt – avslappa, glade og stolte over å ha teke ein dupp i fjorden. Det er slike augeblikk som gjer alt verdt det. Vi gler oss til kva framtida bringer!
Team FjordSauna
Kristin Skahjem
Dagleg leiar & Medgründer
Kristin har ein bachelorgrad i reiseliv frå Lillehammer og ein master i marknadsføring frå Queensland. Sidan 2015 har ho vore ein del av reiselivsmiljøet i Flåm, og ho tek med seg struktur, strategi og verdifull erfaring inn i FjordSauna. Kristin er kjend som den støe handa bak drifta – ho kombinerer lidenskapen for reiseliv med eit skarpt auge for detaljar og planlegging.
Torgeir Skjerdal
Kreativ leiar & Medgründer
Torgeir har ein bachelorgrad i reiselivsleiing frå Høgskulen på Vestlandet, og har jobba i reiselivet i Flåm sidan 2016. Han er den kreative drivkrafta bak FjordSauna – full av idéar, energi og ei tydeleg visjon for korleis opplevinga skal utvikle seg. Med stort engasjement for reiseliv og djupe røter i bygda, sørgjer Torgeir for at FjordSauna held seg ekte, lokal og full av sjel.
Damian Banaszyński
Driftsleiar
Damian byrja hos FjordSauna som saunametser på deltid i oppstartsåret 2021. Med bakgrunn frå helsesektoren og eit roleg, løysingsorientert vesen, utmerkte han seg raskt – og tok meir og meir ansvar. Det tok ikkje lang tid før han vart ein heilt sentral del av teamet.
Sommaren 2023 tok han over rolla som driftsleiar. I dag er det Damian som sørgjer for at alt går knirkefritt – frå bemanning og logistikk til vedlikehald og dagleg drift (inkludert å halde styr på ein jamn straum av nye idéar frå gründerane).