Person med strikkelue og genser ser mot en flytende sauna på en fjord, omgitt av høstfargede fjell.

Berekraft hjå FjordSauna

Vi ønskjer å ta vare på den vakre naturen rundt oss. Vi har ikkje ei formell berekraftsertifisering, men vi gjer fleire tiltak for å gjere ein forskjell. Slik jobbar vi for ei grønnare drift…

Badstue med utsikt over fjordlandskap og fjell gjennom glassvindu, med saunaovn i venstre hjørne.

Støttar lokalsamfunnet
Vi skapar arbeidsplassar i lokalsamfunnet og samarbeider med lokale leverandørar. Dette gjer at pengane vi brukar blir i området, og det minsker transport.

Grønn reise
Vi oppmodar gjestene våre til å velje miljøvenlege transportmiddel, som tog og elektrisk ferje. På denne måten kan vi alle bidra til ei meir berekraftig reise.

Miljøvenleg reinhald
Vi er nøye på at det skal vere reint og trygt for gjestene våre. Samstundes er vi opptatt av å bruke miljøvenlege reingjeringsprodukt som er gode både for gjestene og naturen.

Leige av handdukar og gjenbrukbare flasker
For å redusere avfall, oppmodar vi gjestene til å ta med eigne gjenbrukbare flasker. Vi tilbyr også leige av handdukar, som vi vaskar hjå det lokale firmaet Reint AS. For hygienen si skuld, gir vi ut små engangshanddukar til å sitje på i saunaen. Dette sikrar god hygiene og godt vedlikehald.

Lenger levetid på saunaene
Saunaene våre er laga for å vare lenge. Vi tar godt vare på dei og held dei ved like, slik at vi kan bruke dei over lang tid og redusere avfall.

Elektrisk oppvarming
Alle saunaene våre vert varma med straum, som er ein rein og miljøvenleg energikjelde.

Innsiden av en badstue med store vinduer som gir utsikt mot fjord og fjell i bakgrunnen. Badstuen har en saunaovn med steiner og en bøtte med øse.
En kvinne i badedrakt bader i en fjord med fjell i bakgrunnen.