Pakkar i Flåm og Aurland

Vinteren i Flåm og Aurland er litt rolegare, men det er framleis mykje kjekt å finne på! Bli med på tur i vinterlandskapet, varm deg i ei flytande badstove og nyt god mat hjå lokale serveringsstader.

Saman med gode samarbeidspartnarar har me sett saman fleire pakkar som gir deg litt av det beste området har å by på – samla i éi bestilling.

Finn di oppleving:

Sakte morgon i Aurland

Yoga, sauna og frukost. Nokre morgonar er rett og slett litt betre enn andre.

Laurdag 28. november inviterer Fjordyoga, FjordSauna og Marianne Bakeri & Kafé til ein skikkeleg god start på dagen!

Me byrjar med yoga saman med Anne Marie, med gode strekk, musikk og dufter. Her står rørsle, glede og takksemd for livet i sentrum. Så tek me turen ned til fjorden, der ei god og varm badstove ventar. Her blir det stillesauna med desembermusikk, og kanskje eit friskt fjordbad for dei som vil? Etterpå går turen tilbake til bakeriet, der me set oss til bords og nyt ein god frukost.

Ein perfekt morgon, spør du oss!

Dato: Laurdag 28. november 2026
Pakkepris: 790 kr per person | 12 plassar

Praktisk informasjon:

Vintermagi i Flåm

FjordSafari, flytande sauna og vikingplanke-middag på Ægir Gastropub

Start dagen med ein FjordSafari gjennom Aurlandsfjorden og den UNESCO-verna Nærøyfjorden. Frå den opne RBB-båten kjem du tett på naturen, med bratte fjellsider som reiser seg frå fjorden og små bygder langs fjordkanten. Kjenn den friske vinterlufta medan båtføraren deler historier om landskapet og livet langs fjorden. Hald utkikk etter dyreliv undervegs, og nyt ein stopp i den vesle bygda Undredal, der du får noko varmt å drikke.

Tilbake i Flåm ventar 90 minutt i den flytande badstova til FjordSauna, saman med andre gjester. Få varmen i kroppen, nyt utsikta over Aurlandsfjorden og ta gjerne ein forfriskande dukkert i fjorden om du har lyst.

Avslutt dagen i Ægir Gastropub med ein femrettars vikingplanke inspirert av norrøne tradisjonar, servert med handverksøl frå Ægir Bryggeri. Lokale råvarer, god mat og ei lun ramme som avslutning på ein innhaldsrik vinterdag.

Tilgjengeleg: 1. november 2026 – 31. mars 2027
Pakkepris: kr. 2 350,- per person

Praktisk informasjon:

Aktiv vinterdag i Flåm

Trugetur, vaffel og flytande badstove

Start dagen med ein køyretur langs Aurlandsfjorden, før du tek på deg trugene og legg ut i vinterlandskapet saman med ein lokal guide. Nyt utsikta over fjorden og fjella, høyr historier om naturen og livet i området, og opplev det spektakulære utsiktspunktet Stegastein undervegs.

Tilbake i Flåm tek du turen innom Fjord Bistro for ei nysteikt vaffel og noko varmt å drikke. Eit lite pusterom der du kan senke tempoet og nyte dei enkle, gode stundene.

Deretter ventar 90 minutt i den flytande badstova hos FjordSauna, saman med andre gjester. Få varmen i kroppen, nyt utsikta over Aurlandsfjorden og ta gjerne ein forfriskande dukkert i fjorden om du har lyst.

Tilgjengeleg: 26. desember 2026 – 31. mars 2027
Pakkepris: kr. 1 630,- per person

Praktisk informasjon:

Kveldspakke i Flåm

Aufguss saunarituale om kvelden og torettars middag på Ægir Gastropub

Kvelden startar hos FjordSauna med eit 60 minutt langt, guida Aufguss-rituale i den flytande badstova, saman med maksimalt åtte gjester. Ute er det mørkt og kaldt. Inne byggjer badstumesteren opp varmen gjennom to rundar med Aufguss, der damp, eteriske oljer, musikk og mjuke rørsler med vifte spreier varme og duft gjennom badstova. Mellom rundane kan du gå ut i den friske vinterlufta eller ta ein dukkert i fjorden.

Etterpå går turen til Ægir Gastropub for ein torettars middag. Vel to rettar frå à la carte-menyen, der lokale råvarer og moderne smakar møtest i lune omgjevnader inspirerte av vikingtida.

Tilgjengeleg: Måndag–laurdag, 2. november 2026 – 31. mars 2027
Pakkepris: kr. 1 190,- per person

Praktisk informasjon:

Sauna og lokale smakar i Flåm

Flytande badstove og ein smak av lokalmat og sider

Nyt 90 minutt fellessauna hos FjordSauna, der du kan få varmen i den flytande badstova, nyte utsikta over fjorden og kjøle deg ned med ein forfriskande dukkert i Aurlandsfjorden. Du deler badstova med andre gjester, og får ei avslappa og fin oppleving av nordisk badstovekultur.

Før eller etter badstova kan du ta turen innom Fjord Bistro og smake på noko av det regionen har å by på. Her får du eit utval lokale ostar og spekemat, saman med eit glas sider frå Sogn – lokalprodusert sider med beskytta geografisk nemning (PGI). Du vel sjølv når du vil nyte smaksopplevinga, innanfor opningstida.

Litt tid ved fjorden, gode lokale smakar og rom for å oppleve Flåm i ditt eige tempo.

Tilgjengeleg: 1. november 2026 – 31. mars 2027
Pakkepris: kr. 775,- per person

Praktisk informasjon:

Ofte stilte spørsmål