Fellessauna

Fellessauna er ein sosial og avslappande måte å nyte badstova på, samstundes som du kan bli kjent med nye menneske. Her kjøper du billett per person - perfekt for deg som kjem åleine og for vener som ønskjer hyggeleg stemning. Vel mellom klassisk fellessauna, eit rituale leia av saunamesteren, eller ei stille økt for ei meir meditativ oppleving – alt med utsikt rett mot fjorden.

Billettar må kjøpast på førehand for å sikre plass. Eventuelle ledige billettar blir selde som drop-in på staden.

Fellessauna

Flåm & Aurland. Tilgjengeleg dagleg når vi har ope - året rundt.

Nyt ei 90-minutt lang økt i Fellessauna, den klassiske måten å oppleve FjordSauna på.

Her kan du slappe av i varmen, nyte utsikta over fjorden og ta forfriskande bad mellom øktene. Med inntil 12 personar i saunaen, er stemninga sosial og avslappa, enten du kjem åleine eller saman med andre.

Fellessauna – Kveldsro Aufguss Rituale

Kun i Flåm. Dagleg kl. 21:30-22:30 frå 1. juni til 30. august (møt 10 minutt før start).

Finn ro når kvelden kjem i dette 60-minutt lange, guida aufgussritualet – vår mest eksklusive fellessauna-økt med maks 8 deltakarar.

Saunameisteren leier deg gjennom to aufgussrundar med eteriske oljer, rytmiske viftebevegelsar og roleg musikk. Mellom rundane kan du kjøle deg ned med bad i fjorden før du går tilbake til varmen. Etter ritualet kan kan du nyte saunaen på eiga hand.

Handklede, sitjeunderlag og vår naturlege kroppsskrubb er inkludert. Du treng inga tidlegare saunaerfaring.

Fellessauna - Stille

Kun i Aurland. Tilgjengeleg september-mai.

Nyt ei 90-minutt lang fellessauna-økt i rolege omgjevnader.

Denne økta er for deg som ønskjer ei meir stille stund i saunaen. Her kan du slappe av i stillheit, nyte varmen, utsikta og ta bad i fjorden. Roleg musikk spelar i bakgrunnen og skapar ei behageleg stemning.

Ingen prat. Ingen alkohol.

Fellessauna – Aufguss Rituale

Flåm & Aurland. Tilgjengeleg september-mai.

Opplev ei 90-minutt lang fellessauna-økt med guida aufgussrituale leia av saunameister.

Økta inneheld to aufgussrundar, der vatn med eteriske oljer blir heilt på varme steinar før varmen blir spreidd i saunaen med rytmiske viftebevegelsar. Musikk følgjer ritualet og skapar ei heilskapleg oppleving. Etter rundane har du tid til å nyte saunaen i ditt eige tempo.

Handklede, sitjeunderlag og vår naturlege kroppsskrubb er inkludert. Du treng inga tidlegare saunaerfaring.

Slik fungerer det…

Alt du treng å vite før besøket ditt hjå FjordSauna Flåm eller Aurland.

Spørsmål? Ta ein titt på våre FAQ (ofte stilte spørsmål), og nøl ikkje med å ta kontakt!

Helsefordelar med regelmessig sauna og kaldbading

  • Forbetra blodsirkulasjon – Varmen i saunaen får blodårene til å utvide seg, som stimulerer sirkulasjonen og kan redusere muskelspenningar.

  • Stressreduksjon og avslapping – Saunaen gir ro for kroppen og hjernen, og kan senke stressnivået.

  • Betre restitusjon etter trening – Veksel mellom varme og kulde kan lindre muskelverk og hjelpe kroppen med å restituere raskare.

  • Styrka immunforsvar – Regelmessig bruk av sauna kan bidra til å auke motstandskraft mot infeksjonar.

  • Forbetra hudhelse – Svetting i saunaen opnar porene og hjelper kroppen med å kvitte seg med avfallsstoff.

  • Økt energi og velvære – Mange opplever betre humør og meir energi etter ein kombinasjon av sauna og kaldbading.