Sesongkort
Pakke med fellessauna-økter
Når kulda bit, er det lite som slår ro, varme og fellesskap i ei badstove på fjorden. Med sesongkort får du enkel tilgang til fellessauna-økter frå 15. september til 15. mai – førehandsbetalt, fleksibelt og rimeleg.
Sesongkortet kan kjøpas frå 1. september
-
For deg som vil teste badstovelivet og unne deg nokre varme avbrekk i kvardagen. (kr. 199,- per økt mot ordinærpris kr. 445,- per økt)
-
For deg som veit du kjem til å bruke badstova ofte – anten for restitusjon, ro i kvardagen eller hygge med vener. (kr. 133,- per økt mot ordinærpris kr. 445,- per økt)

Nykomaren
5 klipp
For deg som vil teste badstovelivet og unne deg nokre varme avbrekk i kvardagen.
Kr. 995,-
Fordeler
-
Med Nykomaren betaler du berre ca. kr. 199,- per økt – det er rundt 55% rabatt frå ordinærprisen på kr. 445,-.
-
Sesongkortet er gyldig frå 15. september til 15. mai – perfekt for å halde varmen gjennom dei kaldare månadane.
-
Sesongkortet kan brukast på begge våre lokasjonar – både i Flåm og Aurland.
-
Klassisk, stille og rituale – også på økter som eigentleg kostar meir.
-
Sesongkortet er for deg, men du kan dele ei økt med ein venn ved å bruke to klipp på same økt. Maks to klipp kan nyttast per økt.
-
Kjøp eit nytt sesongkort i same periode og få 10% rabatt – perfekt for oppgradering eller ekstra kort. Kontakt oss for rabattkode.
Saunaentusiasten
15 klipp
For deg som veit du kjem til å bruke badstova ofte – anten for restitusjon, ro i kvardagen eller hygge med vener.
Kr. 1.995,-
Fordeler
-
Med Saunaentusiasten betaler du ca. kr. 133,- per økt – over 70% rabatt frå ordinærprisen på kr. 445,-.
-
Sesongkortet er gyldig frå 15. september til 15. mai – perfekt for å halde varmen gjennom dei kaldare månadane.
-
Sesongkortet kan brukast på begge våre lokasjonar – både i Flåm og Aurland.
-
Klassisk, stille og rituale – også på økter som eigentleg kostar meir.
-
Sesongkortet er for deg, men du kan dele ei økt med ein venn ved å bruke to klipp på same økt. Maks to klipp kan nyttast per økt.
-
Kjøp eit nytt sesongkort i same periode og få 10% rabatt – perfekt for oppgradering eller ekstra kort. Kontakt oss for rabattkode.
-
Rabatten gjeld t-skjorte, caps og handlenett i vår eigen FjordSauna-serie.
-
Få 15% rabatt ved bestilling av Privat Sauna i perioden 15. september til 15. mai – kontakt oss for å motta rabattkode.

Sånn fungerer det…
-
Gyldigheit: Sesongkortet er kun gyldig for den oppgitte perioden 15. september 2025 til 15. mai 2026. Ubrukte økter vert ikkje refundert eller overførte etter 15. mai 2026.
Begge lokasjoner: Sesongkortet kan nyttast både i Flåm og Aurland.
Personleg kort - med fleksibilitet: Sesongkortet er for deg, men du kan dele ei økt med ein venn ved å bruke to klipp på same økt. Maks to klipp kan nyttast per økt.
Booking: Reservasjonar er avhengige av tilgjengelege plassar. Vi tilrår at du bestiller øktene dine på førehand.
Avbestilling: minst 48 timar før planlagt økt, elles blir økta trekt frå sesongkortet.
Ingen kontantverdi: Sesongkortet kan ikkje vekslast inn i pengar eller brukast saman med andre tilbod eller rabattar.
-
Klikk her for å kjøpe sesongkort med 5 eller 15 fellessauna-økter. Etter kjøpet får du ein unik kode som du bruker til å bestille øktene dine.
Merk: Koden finn du ved å trykke “Se billett” i stadfestinga på e-post. Dette er ikkje same kode som reservasjonsnummeret.
-
Klikk "Bestill her" på nettsida vår og velg ønskja lokasjon – Aurland eller Flåm – og type Fellessauna-økt (Fellessauna, Stille Fellessauna eller Fellessauna med Rituale).
Vi har minst éin klassisk Fellessauna-økt kvar dag vi har ope. Fellessauna med Rituale er som regel ein gong i veka medan Stillesauna er annakvar veke i Aurland.
Skriv inn din unike kode i feltet “Promokode”. Når du gjer dette, skal summen stå på 0 kroner, sidan øktene er førehandsbetalte.
Legg inn opplysningane dine for å fullføre bestillinga.
Reservasjonen trekkjer ei førehandsbetalt økt frå sesongkortet ditt utan at du blir belasta.
-
Symjing og bruk av sauna skjer på eige ansvar.
Ver presis både ved ankomst og avreise. Tida du har bestilt inkluderer både skifting før og etter økta.
Det er påbode å sitje på papirhandkleet du får utdelt inne i saunaen.
Bruk kun ferskvatn på saunaovnen (ikkje vatn frå fjorden).
Maksimalt 2 einingar alkohol under 20 % per person. Ingen drikke med farge og ikkje i glasflasker.
Aldersgrense for fellessauna er 12 år. Personar under 18 år må ha følgje med vaksen over 18 år.
Du er ansvarleg for skadar som følgje av misbruk. Vi kan ikkje overgå maks kapasitet på 12 personar.
-
Saunamesteren ønskjer deg velkomen og viser fasilitetar samt forklarer korleis alt fungerer.
Saunamester er tilgjengeleg under heile økta.
Saunamester har full myndigheit til å bortvise gjester som ikkje følgjer reglar eller viser mangel på respekt.
Merk at introduksjon frå saunamester til nye gjester er obligatorisk – sjølv om du har vore med før, skal du vise respekt og lytte dersom det er nye personar med.
-
Badetøy (påkravd) – Hugs å ha med badetøy til sauna og bading.
Handkle (påkravd) – Du kan ta med eige eller leige handkle ved ankomst.
Drikkevatn (tilrådd) – Hold kroppen hydrert før, under og etter økta.
Pose til våte klede (tilrådd) – Praktisk for å ta med våte klede heim.
Legg att smykke heime – Smykke blir varmt og kan svi på huden.
Du får eit lite eingongshandkle å sitje på. Dette blir vått under økta og er ikkje egna til å tørke seg med.
-
Flåm:
Open kvar dag heile året. Stengt 24. desember.Aurland:
Mai–september: Open kvar dag
Oktober–april: Open tysdagar, torsdagar og laurdagar. Privat Sauna på førespurnad.
Vi har faste tidspunkt for øktene, og talet på økter per dag varierer med årstida:
Sommar: Økter går vanlegvis frå tidleg morgon til sein kveld.
Vinter: Økter tilbys som regel frå tidleg ettermiddag til kveld.
Høgtider: Under høgtidene (t.d. jul og nyttår) utvidar vi vanlegvis opningstidene for å møte høg etterspurnad.
Helsefordelar med regelmessig sauna og kaldbading
Forbetra blodsirkulasjon – Varmen i saunaen får blodårene til å utvide seg, som stimulerer sirkulasjonen og kan redusere muskelspenningar.
Stressreduksjon og avslapping – Saunaen gir ro for kroppen og hjernen, og kan senke stressnivået.
Betre restitusjon etter trening – Veksel mellom varme og kulde kan lindre muskelverk og hjelpe kroppen med å restituere raskare.
Styrka immunforsvar – Regelmessig bruk av sauna kan bidra til å auke motstandskraft mot infeksjonar.
Forbetra hudhelse – Svetting i saunaen opnar porene og hjelper kroppen med å kvitte seg med avfallsstoff.
Økt energi og velvære – Mange opplever betre humør og meir energi etter ein kombinasjon av sauna og kaldbading.