Morgonyoga
Ein roleg og styrkjande start på dagen.
I sommar kan du starte dagen med Morning Yoga Flow – ein 45-minutts yogatime som knyter pusten til kroppen og hjelper deg å finne balanse. Timane blir haldne i Trudvang, det koselege gamle huset i hjarta av Aurland sentrum – også kjend som den lokale kinoen. Her får du eit stille og fint rom for rørsle, pust og nærvær.
Tidspunkt & Pris
Juli og august
Tysdagar og fredagar
Kl. 07.00 og 09.00
Kr. 295,- per person
Passar perfekt med felles sauna kl. 08.00 og 10.00.
Dette er inkludert
45-minutts økt med sertifisert yogainstruktør
Timen blir halden på engelsk
Yogamatter og utstyr er inkludert
Koseleg lokale i Trudvang
Ingen erfaring nødvendig – ta berre med vassflaske og badetøy om du vil i sauna etterpå
Pakketilbod: Yoga & Fellessauna
Start dagen med ei roleg yogastund, etterfølgd av varme og utsikt i FjordSauna Aurland. Dette tilbodet inneheld ein 45-minutts yogatime i Trudvang, og deretter ei 1,5 time lang fellessauna-økt ved fjorden – ein perfekt pause for både kropp og sinn.
Les meir om FjordSauna Aurland og fellessauna ved å klikke her.
Pakkepris: 595 kr per person