Mann nyter utsikten mot en fjord og fjell fra en badstue.

Saunaopplevingar

Fellessauna

Er du ein sosial person? Vel ei fellessaunaøkt – perfekt for deg som vil møte nye folk, anten du kjem åleine eller saman med vener.

Billettar må kjøpast på førehand for å sikre plass. Eventuelle ledige billettar blir selde som drop-in på staden.

To personer i badetøy sitter på en badstubenken, mens en tredje person smiler og er i et isbad under dem.

Privat Sauna

Vil du ha ei meir intim og roleg oppleving? Privat Sauna passar perfekt for venegjengar, familiar – eller som ei romantisk stund for to. Du har heile badstova for deg sjølv gjennom heile økta.

To kvinner i badedrakter sitter i en badstue med utsikt over vann.

Nyheit! Privat saunarituale med saunamester

Ei eksklusiv saunaoppleving på 90 minutt for deg som ønskjer det vesle ekstra. De vert tekne imot med ein velkomstdrink, før saunamesteren tar dykk gjennom eit 45-minutts ritual med varme, eteriske oljer og handlaga kroppsskrubb. Deretter vert det eit forfriskande bad i fjorden – saman med saunamester.

Dei siste 45 minutta er til fri disposisjon – ei roleg stund for å kjøle seg ned og nyte stillheiten. Handkle er inkludert.

Før du kjem...

Før du kjem...

Person iført brun genser og grå lue står ved en fjord med flytende badstue i bakgrunnen, omgitt av høstfargede fjell.

For å få mest mogleg ut av opplevinga er det lurt å sette seg inn i korleis konseptet fungerer. Her finn du informasjon om kva du bør ta med deg, retningslinjer for bruk av saunaen samt anna praktisk informasjon.