Interiør av en badstue med store vinduer med utsikt over en fjord og fjell.

FjordSauna x Vinternatt

4. september 2024

Fantastiske Hilde Karlsen frå @Vinternatt tek med seg sin store lidenskap og kjærleik for badstovekulturen til Aurland, og gjennomfører sitt eige badstoverituale hjå oss 4. september.

Det vert ei oppleving for kropp og sjel med nøye utvalt musikk og sang, eteriske oljer, heit damp og kalde fjordbad - omringa av spektakulær natur.

Mann ser utover en fjord med fjell i bakgrunnen.

Praktisk informasjon

Klar for ei spesiell saunaoppleving i Aurland? Billett må bestillast på førehand for å vere sikra plass.

Dato:
Onsdag 4. september

Tidspunkt:
Kl. 19:00. Saunaritualet varar 2 timar.

Kapasitet:
Maksimalt 8 personar.

Pris:
Kr. 490,- per person.

Arrangementet er kun for vaksne over 16 år.

Mønster med bølgete turkise linjer på svart bakgrunn.
Person kledd i badedrakt og varm lue bøyer seg over et uthullet isbad omgitt av snø. Snøfallet skjer under vinterforhold med fjell i bakgrunnen.

Hilde Karlsen & Vinternatt

Møt Hilde Karlsen, drivkrafta bak Vinternatt på Ustaoset. Hilde elskar å dele gleda ved isbading, badstueopplevingar, fjellturar og mykje meir. Som ekte badstueentusiast skapar ho unike opplevingar med musikk, oljer, urter og damp, og gir deg ei heilskapleg og avslappande oppleving.

Målet hennar er enkelt: å få alle til å omfamna gleda ved isbading og badstue, uavhengig av tidlegare interesser.

Velkomen til arrangementet FjordSauna x Vinternatt, der du kan oppleve sauna og bading på ein heilt spesiell måte, gjennom Hildes lidenskap og kompetanse!

To personer ser utover en rolig fjord med fjell i bakgrunnen.
Bølgemønster i oransje på en svart bakgrunn.

Før du kjem…

For å få mest mogleg ut av opplevinga er det lurt å sette seg inn i korleis konseptet fungerer. Her finn du informasjon om:

  • Lokasjon og korleis du finn fram

  • Kva du må ta med deg

  • Ankomst

  • Fasilitetar